Nordic Tenors logo

Ørsta

fredag 2. okt kl. 19:00


Billetter

Nordic Tenors - À la carte

Billetter kan kjøpes hos eBillett

Ørsta kulturhus, Ørsta

I over 20 år har Nordic Tenors gledd publikum med vakker song, varm humor og velklingande musikalske augeblikk. Dei har tidlegare vunne Komiprisen, vore konglege toastmasterar, opna den nye operaen i Oslo og skapt begeistring hos publikum over heile landet.

No står den kritikarroste vokaltrioen endeleg på menyen i Ørsta kulturhus med eit variert og smakfullt musikalsk festmåltid. I framsyninga «À la carte» byr Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak på vokale lekkerbiskar på ei seng av virtuose poteter, krydra med humormusikalsk salat og ein utsøkt saus frå øvste hylle.

Her blir publikum teke med på ei reise med både eksotiske og kortreiste råvarer. Med seg har dei ein av Noregs beste og mest gastronomiske pianistar. Her blir det noko for ein kvar smak.

God appetitt!

Ørsta kulturhus, Ørsta

Ørsta kulturhus, Ørsta

Konsertdetaljer

Ørsta kulturhus, Ørsta

Dato

fredag 2. oktober 2026

Tid

kl. 19:00 – 20:20

Lokasjon

Teatersalen, Ørsta kulturhus

Adresse